|
Kårstad har hatt ei tøff
tid bak seg med store tap,
også menneskeleg
Eigarane av Kårstad Transport i Gaular greidde ikkje å berge familiebedrifta frå konkurs. Etter nokre strie år etter finanskrisa, vart dei økonomiske utfordringane for store. Onsdag måtte dei gå til skifteretten.
Kårstad Transport har vore eit veldrive, seriøst og rimeleg lønsamt føretak fram til 2008. På det meste hadde verksemda heile 85 tilsette, noko som er mykje i ein liten kommune som Gaular. Ved konkursen onsdag hadde selskapet 60 tilsette og kring 50 bilar av ulikt slag. Også det er betydeleg både i Gaular- og Sunnfjord-samanheng. Det er såleis ikkje eit kva som helst selskap som no har måtta kaste inn handkledet. Forutan familien sjølv og dei tilsette har både Gaular og fylket mist ein viktig og god aktør på transportsida.
Når vi les om denne historia i Firda ser vi dessutan tydeleg at her er det ikkje snakk om å gå til skifteretten med lette steg, for å kjapt kvitte seg med gjeld og andre økonomiske utfordringar. Nei, her kjem det klårt fram at eigarane har snudd kvar einaste stein mange gonger for å finne løysingar. Ikkje berre for seg sjølve men også for å skåne dei tilsette, kundar, investorar og nærmiljø. Det står det respekt av. Dette er ansvarsfulle folk som har vist omsorg og ansvar.
Kårstadfamilien har hatt ei tøff tid bak seg med stort tap også menneskeleg ved at etableraren av transportselskapet, Roar Kårstad, døydde nyleg. Dette forsterkar sjølvsagt kjensla av å ikkje strekkje til etter onsdagens hending. Men vi er visse på at den gode forretningsmoralen og kompetansen som Kårstad-karane har, vil gjere til at dei kjem styrkte ut av denne situasjonen.
For det er i dei svartaste stunder ein vil vere mest oppsette på å finne lys, og det trur vi dei vil finne. Vi trur dessutan at det finst eit lys som heller ikkje er avhenging av kynisme for å brenne. Sjølv om konkurransen og krava i denne bransjen er beinharde, trur vi også at det vil vere kvaliteten på produktet og lojaliteten til tilsette og kundar som vil vere avgjerande for å lukkast på sikt. Begge desse områda vil Kårstad kunne konkurrere på.
Trykt i Firda fredag 2. september 2011
fredag 2. september 2011 kl 11
Bra?
Framleis var tonen gemyttleg,
og det som blei sagt av partia
var informativt
Måndag hadde firda.no ei høgst uhøgtidleg meiningsmåling der vi spurde om valkampen ville avgjere kven som får «di stemme» ved valet. Av 941 røyster svara 86,6 prosent nei. Valkampen ville ikkje avgjere deira val. Eit like uhøgtidleg, men likevel retorisk spørsmål, er det då å spørje kva skal vi då med ein valkamp? Kvifor legg politikarane og partia så mykje pengar, prestisje og energi i noko som tilsynelatande ikkje betyr noko særleg for folk sine val?
Forutan å svare at dette ikkje er noko kvalifisert måling, er svaret at valkamp er noko som må drivast for at folk lettare skal kunne skaffe seg den informasjonen dei ønskjer om dei ulike partia sin politikk. Dette er altså ein del av den demokratiske prosessen, der også valkampen høyrer med.
Valkampen her i fylket opna mildt med partistands under Eikefjorddagane i helga, for så å starte opp for alvor i Førde måndag. Framleis var tonen mild og gemyttleg, og det som blei sagt av dei ulike partia var informativt og utan peik mot konkurrentane. Det er slik det bør vere i eit sivilisert land etter det vi alle kjenner på etter 22. juli-terroren i Oslo og på Utøya.
Men som fleire av politikarane på valkampopninga i Førde sa til Firda, vil nok tonen bli skjerpa også her i fylket etter kvart som vi nærmar oss valdagen 12. september. Det betyr ikkje at tonen blir umusikalsk og uverdig. For på same måten som at ingen er tent med ein servil og ynkjeleg valkamp, er vi heller ikkje tent med ein valkamp der politikarane går i strupen på kvarandre og snakkar meir om konkurrentane sin elendige poltitikk enn om sine eigne, fortreffelege saker.
For sjølv om nesten alle parti vil ha fleire folk i fylket, fleire og betre vegar, meir næringsutvikling osv, er det medisinen som skal til for å nå måla som gjerne utgjer skilnaden partia imellom. Det er denne skilnaden som skal komme fram i valkampen, og då kan det nok også hende at sjølv dei som seier at dei allereie har bestemt seg kan komme til å endre standpunkt.
Trykt i Firda onsdag 17. august 2011
onsdag 17. august 2011 kl 09
Bra?
Politiske ringrevar som Alfred
Bjørlo (V) klør i fingrane etter å
komme i gang med valkampen
Alfred Bjørlo, lokalsjukehusforkjempar, Venstre-politikar og ordførarkandidat på Eid, prøver å skape politisk storm i eit vassglas gjennom å skulde Helse Førde for å drive politisk moldvarparbeid medan dei politiske partia held borgfred og har utsett valkampopninga. Det er sjøvsagt helseføretaket si nedtrapping av ortopeditilbodet på Eid som har fått Bjørlo til å bryte det som han framstiller som politisk teieplikt.
Med åtaket sitt på Helse Førde viser Bjørlo klart at han er flink til å finne flisa i andres auge, men ute av stand til å sjå bjelken i sitt eige. Helse Førde er i ferd med å gjennomføre eit styrevedtak som vart fatta i juni. Sentrale styresmakter og statsråd Strøm-Erichsen ville derfor, trass dei tragiske hendingane som vi har opplevd i sommar, kunne stoppa HF-styret om dei handla i strid med sentrale føringar. At Bjørlo ikkje likar vedtaket, er hans og ikkje Helse Førde sitt problem.
Den som derimot kan seiast å drive aktiv politikk, og på eiga hand har innleia valkampen, er Bjørlo sjølv. Med åtaket på Helse Førde har han skapt merksemd rundt seg sjølv og sitt eige ordførarkandidatur, i ei sak der han garantert vil ha brei støtte i Nordfjord. Slik sett er det Bjørlo som nyttar høvet til å drive politikk.
Men Bjørlo bør kunne skilje mellom ei administrativ oppfølgjing av eit vedtak, som Helse Førde er i ferd med å gjere, og politisk arbeid. At partia er samde om å utsetje valkampopninga, tyder heller ikkje at alle er pålagt munnkorg og at ein ikkje skal kunne ha ein samfunnsdebatt eller utsetje all oppfølgjing av vedtak som er fatta. Det er derfor heilt i orden at Bjørlo uttaler seg om Helse Førde. Men då må han også innvilge helseføretaket rett og lov til å gjere den jobben det er sett til, og gjennomføre vedtak som er fatta for lenge sidan.
At politiske ringrevar som Bjørlo synest ventetida er lang og klør i fingrane etter å komme i gang med valkampen, forstår vi godt. Men han bør ikkje skulde på andre når han sjølv fell for freistinga til å drive politisk marknadsføring av sitt eige kandidatur.
Trykt i Firda onsdag 10. august 2011 Strøm-Erichsen, Grete, borgfred, Førde, Helse, sjukehus, Nordsfjord, Eid, sykehus, Venstre, Bjørlo, Alfred
onsdag 10. august 2011 kl 13
Bra?
Dei er imponerte over
at vi har eit så solid
og levande demokrati
Dei siste dagane har folk i heile landet vist avsky mot dei forferdelege terroråtaka som skjedde mot Regjeringskvartalet i Oslo og sommarleiren til AUF på Utøya. Men folk har ikkje vist avsky ved å kaste brustein, knuse vindauge, brenne flagg eller andre symbol. Avsky er vist gjennom å møte ei feig rerrorhandling på ein modig måte; med lys og roser.
Verdspressa har vore sterkt til stades etter terroråtaket. Og vi ser at verda der ute er svært overraska over reaksjonsmønsteret vårt. Ja, gjennom TV-kanalen Fox News er det til og med blitt hevda at vi er naive her i landet, og difor måtte rekne med at noko slikt kunne skje.
Til det er å seie at også andre nasjonar, som ikkje har for vane å bruke roser mot terroristar, og som til vanleg driv omfattande kartlegging og overvaking av borgarane sine, også opplever terroråtak frå grupper og einskildindivid.
Det ser såleis ikkje ut til at verken strengare straffer, meir overvaking, meir sensur og vakthald vil verne nokon frå at einskildindivid går til åtak på folk og smfunnsinstitusjonar. Dette har då også Fox News fått høyre i sterke ordelag av engasjert ungdom som forsvarer «den norske måten» på ulike sosiale medium.
Men dette er unnataket. Reaksjonane frå inn- og utland har nærast vore unisont positive. Folk i andre land er imponerte over nordmenns ro og samhald, og solidaritet med dei som er ramma. Dei er imponerte over at vi kan samle hundretusener av folk over heile landet, som opplever botnlaus sorg og som deler livgjevande trøyst. Dei er imponerte over at vi har eit så solid og levande demokrati, og at vi er så bestemte på å oppretthalde den same demokratiske fridomen sjølv etter slike lidingar.
I sorga og saknet skal vi også vere stolte av oss sjølve. For at vi har med oss ein arv som gjer til at vi kan bruke roser for å samle folket mot drap og feigskap. For at vi lever opp til Nordahl Griegs ord: «Den som med høyre arm bærer en byrde, dyr og umistelig, kan ikke myrde».
Trykt i Firda onsdag 27. juli 2011
onsdag 27. juli 2011 kl 11
Bra?
Paradoksalt nok
har mordaren truleg
styrkt kamp for eit
fleirkulturelt Norge
Dei grufulle hendingane i Oslo sentrum og på Utøya i Tyrifjorden fredag ettermiddag har skaka heile nasjonen. Ungdom frå heile landet er direkte eller indirekte involverte i det grufulle som skjedde. Vårt fylke er også sterkt prega av hendingane på sommarleiren til AUF.
Fleire unge frå Sogn og Fjordane var til stades på øya då Anders Behring Breivik (32) byrja skyte. I skrivande stund er AUF-leiar i fylket vårt, Hanne Kristine Fridtun frå Stryn sakna.
Det er ei ufatteleg tragedie som har råka landet. Ingen er vel i stand til heilt å forstå kva som har gått føre seg ute på den vesle øya i Tyrifjorden. Utanom dei born og unge som var der og opplevde drapsmannens jakt på uskuldige offer, er det heller
ingen som er i stand til skikkeleg å sette seg inni det marerittet desse unge har opplevd, der dei prøvde å gøyme seg i skogen, under steinar og i sjøen. Det heile verkar absurd; som i ein film. Difor er det mange som gjennom denne helga har gått rundt som i eit slags vakuum, og hatt det vondt.
Dette vil komme til å endre landet vårt, og oss som folk. Vi håpar til det betre. Vi er glade for at vi har ein statsminister som, trass enorme påkjenningar, allereie fredag kveld makta å ha hovudet klart. Han sa at ingen skal få skyte oss til tausheit, og at vi skal møte terroren med meir demokrati og meir openheit. Kloke ord i ei krevjande tid.
Vi såg på sosiale medium og i TV rett etter bombeeksplosjonen at fleire var kjappe med å drøfta skuldspørsmål. Og det var utlendingar og spesielt muslimar som blei mistenkte. Vi vil seie at når så gale som dette skulle skje, ja, så var det faktisk bra for oss som fleirkulturell nasjon at det var ein kvit, etnisk nordmann, frå beste vestkant med kristen-konservative haldningar som sto bak.
Ein mordar er ein mordar uansett, men vi torer rett og slett ikkje tenkje på lagnaden til muslinmar og mørkuda generelt i dette landet dersom det t.d. hadde vore ein iraker eller somalier som hadde stått bak. Paradoksalt nok har mordaren truleg styrkt AUF og andre sin kamp for det Norge han hata så intenst; det fleirkulturelle Norge. Men prisen var høg.
Trykt i Firda måndag 25. juli 2011 Stoltenberg, Jens, statsminister, AUF, Tyrifjorden, kristenkonservativ, Utøya, Oslo, Breivik, Behring, Anders
måndag 25. juli 2011 kl 12
Bra?
Få yrkesgrupper er
så sentrale for andre
si framtid som lærarane
Unge Høgre-leiar i Sogn og Fjordane, Embla Belsvik, etterlyser gjennom Firdaposten ei ordning der elevar i vidaregåande skule via eit anonymt skjema kan få høve til å evaluere lærarane sine. Ho meiner at elevane gjennom ei slik evaluering vil kunne gje rettmessig honnør til gode lærarar, men også gje eit varsel til skuleleiinga om at einskilde lærarar ikkje er bra for elevane si læring.
Det er ikkje første gongen representantar frå Unge Høgre, verken lokalt eller sentralt, flaggar denne saka. Det betyr likevel ikkje at temaet er utdebattert og uviktig. Kanskje er det tvert om viktigare enn nokon gong å sikre seg at lærarkreftene er gode, slik at elevane opplever gode læringsmiljø, god undervisning og får best muleg resultat.
Men kvar gong denne saka har kome på dagsorden har både lærarar og lærarorganisasjonane hoppa i skyttargravene og argumentert imot ei kvar form for evaluering. Det same har regjeringspartia, og då spesielt SV. Argumenta har gått på at dette vil vere ei ordning som vil sverte lærarar, ja, stigmatisere dei. Det har også blitt hevda at elevar ikkje er i stand til å skilje skit og kanel, men heller vil favorisere lærarar som er «kjekke og greie», utan at dei nødvendigvis er så gode fagleg.
Faren for at einskilde elevar vil kunne bli blenda av slike faktorar er sjølvsagt til stades. Men samstundes er det slik at dersom slike faktorar blir vektlagde, ja, så betyr dei også noko for elevane, for trivselen og læringa. Men vi trur ikkje at elevane er så uansvarlege at dei vil sverte ein god lærar berre for å gjere det. Er læraren god, fagleg og pedagogisk, så trur vi at han også får gode skussmål hos elevane.
Det er faktisk ikkje uvanleg elles i arbeidslivet at ein blir evaluert. Ein kvar arbeidsgjevar vil sikre seg at han får ut det beste av kvar tilsett og at dei som ikkje duger får andre oppgåver eller får tilbod om hjelp til å finne seg noko anna å gjere. Dette bør den vidaregåande skulen kopiere, kanskje også ungdomsskulen. For få yrkesgrupper er så sentrale for andre si framtid som lærarane. Difor er evaluering viktig.
Trykt i Firda fredag 22. juli 2011
fredag 22. juli 2011 kl 14
Bra?
Det bør ikkje
diskvalifisere denne
sjangeren frå statleg
støtte
I dag brakar det laust på Breim, med den 17. countryfesten i rekkja. I fire dagar skal den amerikanske musikken hjalle mellom åsar og fjell i Gloppenbygda, og i like mange dagar vil folk kose seg på festivalcampingen; installerte i campingvogner, bubilar, trailerar og telt. Jaudå, det vil nok også bli konsumert nokre liter med øl og sprit, for det plar det gjere på denne festivalen som på dei aller fleste andre festivalar i inn- og utland.
Årets store happening for arrangøren er nok sjølvsagt at dei får storfint besøk, av kulturminister Anniken Scharning Huitfeldt (Ap). Ho er på «synfaring» for å gjere seg opp ei meining om Norsk Country Treff på Breim er verdig status som knutepunktfestival. Breim-festivalen konkurrerer med to andre countryfestivalar i Norge om denne statusen, ein status som vil gjere til at ein får årleg støtte over statsbudsjettet, og dermed eit tryggare fundament å stå på i åra framover.
No registrerer vi at Aftenpostens kulturkommentator Vidar Kvalshaug er imot at einkvar countryfestival skal få statleg støtte eller få knutepunktstatus. Han har fått det føre seg at denne typen festivalar berre blir vitja av folk som anten kun oppheld seg i lastebilar og campingvogner, eller veltar seg i gjørme i djup alkorus. Han meiner at desse folka ikkje er opptatt av musikk, men av rølping.
Vi er djupt usamde med Kvalshaug i denne «analysen». Visst er det folk som oppheld deg i bilar og som veltar seg i gjørme. Men slike folk finn ein også under andre, og meir «stovereine» festivalar. Vi snakkar kanskje om eit par prosent av gjestene, og dei bør ikkje få avgjere så viktige rammevilkår for ein så flott festival som Norsk Country Treff faktisk er.
Men countrymusikken er folkeleg i sitt vesen, og det er vanlege folk som i stor grad oppsøkjer denne typen festivalar. Det bør likevel ikkje diskvalifisere denne sjangeren frå statleg støtte. I alle fall ikkje hos ein Ap-statsråd. Vi trur faktisk at tryggare bein å stå på økonomisk vil føre til at festivalen på Breim vil bli endå betre og «reinare». Det i seg sjølv talar for goodwill frå Anniken. Lukke til!
Trykt i Firda torsdag 14. juli 2011 Arbeiderpartiet, Huitfeldt, Scharning, Anniken, Kvalshaug, Vidar, Aftenposten, knutepunktfestival, folkelig, Treff, Norsk, Breim, musikk, Country
torsdag 14. juli 2011 kl 12
Bra?
Fylkeskommunen er ikkje
ein profesjonell eigar, og
bør ta konsekvensen av det
Etter at Møre og Romsdal bestemte seg for å selje sin minoritetsdel av Fjord1, har debatten gått om korleis majoritetseigar Sogn og Fjordane skal aggere. Skal fylket vårt bruke forkjøpsretten eller la private aktørar sleppe til på eigarsida?
Det er minst to forhold som må takast omsyn til i denne prosessen. Det eine gjeld sikring av kompetansearbeidsplassar i Florø, knytt til administrasjon av Fjord1. Det andre gjeld ei profesjonell forvaltning av verdiar og aktivitet, slik at selskapet får ei god økonomisk utvikling. Det er svært viktig i ein marknad prega av sterke aktørar og sterk konkurranse.
Vi ser at Flora-ordførar Bente Frøyen Steindal vil at Sogn og Fjordane skal kjøper alle aksjane til Møre og Romsdal, for å sikre Florø-kontoret. Vi har også sett at fylkesadministrasjonen ikkje har vore særleg profesjonell i høve til å opne for at aktuelle kjøparar skal få innsyn Fjord1, for å få betre kunnskap om kva salsobjektet inneheld. Vi håpar fylkeskommunen opptrer meir profesjonelt i framhaldet av denne saka!
Det vil vere svært uklokt om fylkestinget går inn for å bruke forkjøpsretten sin. Den mest aktuelle private kjøparen er Havila med Sævik-familien i spissen. Bodet deira er på 350 millionar kroner. Det vil vere galskap av Sogn og Fjordane å overby Havila. Ikkje berre fordi det kostar skjorta for ein fylkeskommune som må låne pengane, men også fordi ein då hindrar at ein profesjonell, langsiktig og seriøs aktør i å komme inn på eigarsida med kompetansen sin og nettverket sitt.
Havila vil kunne bli ein viktig medspelar for eit reiarlag som må gjere mange komplekse og risikofylte avgjerder i ein stadig meir pressa marknad. Fylkeskommunen er ikkje ein profesjonell eigar, og bør ta konsekvensen av det.
For Havila som profesjonell medeigar vil det ikkje vere avgjerande kvar eit hovudkontor ligg, berre det leverer. Det gjer Florø-kontoret i dag. Og så lenge fylket vårt uansett sit som majoritetseigar, eller med negativt fleirtal, vil heller ikkje kontorstruktur vere noko aktuell problemstilling, om ikkje fylkeskommunen sjølv ønskjer å sette kontoret i spel.
Trykt i Firda tysdag 11. juli 2011
onsdag 13. juli 2011 kl 12
Bra?
Vi skjønar godt at
dei tilsette i Gjensidige
Bank i Førde er frustrerte
Det tok berre fem år frå Førde og fylket blei lova kjempesatsing på finansmarknaden og 100 nye finansarbeidsplassar i Førde, før kontramelinga kom om at det faktisk ser ut til at finansskuta her i fylket er i ferd med å havarere. Offiserane på brua ser i alle høve ut til å ha varsla mannskapet om «mann over bord».
Vi skjønar godt at dei tilsette i Gjensidige Bank no er frustrerte. Ja, at einskilde også kjenner seg lurt og ført bak lyset, skjønar vi også. For fleire av dei har både sagt opp andre jobbar og flytta fordi dei fekk tilbod om å vere med på det store finanseventyret i Sunnfjord. No må mange av dei anten flytte igjen eller skifte jobb.
Men ingen burde vel sperre opp augo for dette og vere overraska over utviklinga. For også vårt sosialdemokratiske system er basert på at det er marknadskreftene som rår. I alle fall når det kjem til spørsmål om lønsemd og profitt. Og når det er snakk om sentrum og periferi, er det som regel sentrum som vinn. Og dette har igjen samanheng med dei nemnde marknadskreftene. For makta sit i sentrum og det er makta som rår; også i stor grad over marknaden gjennom påverknad og rammevilkår.
Men for dei som no blir råka er det inga trøyst i at dei lever i eit land der kapitalismen er solid forankra, og der dei gjelnaden spelereglane blir følgde. For dei dreier det seg om arbeid, tryggleik, familie og eit godt sosialt liv. Når strukturane endrar seg over natta, gjerne som følgje av kjappe beslutningar etter kjappe oppkjøp, er det lov å både bli forbanna og utøve motmakt. Men det skjer skjeldan i dagens sofistikerte samfunn, og neppe heller i denne typen bransje.
Viktige deler av næringslivet vårt er prisgitt både nasjonale og internasjonale investorar og kapital. Lokal kapital strekk ikkje til i alle høve. Difor blir det ikkje siste gongen vi ser uforståelege utflaggingar til sentrale strøk, der m.a. lønnskostnadene er langt høgare. Slik sett er t.d. også Airlift og Elis prisgitt at dei tener «nok» pengar. For også desse føretaka kan flyttast. Slik er kapitalismen.
Trykt i Firda fredag den 17. juni 2011 sentrum, periferi, oppkjøp, markedskrefter, marked, kapitalisme, bank, Sunnfjord, Førde, Elis, Airlift, Bank, Gjensidige
fredag 17. juni 2011 kl 14
Bra?
Å seie at det er sett strek
for Vest Tank-oppgjeret er
nok i tidlegaste laget
Den tidlegare Vest Tank-sjefen Jostein Berland er dømd til eitt og eit halvt års fengsel for miljøkriminalitet etter eksplosjonen i Sløvåg for fire år sidan. Dermed har retten plassert ansvaret for ulukka der den meiner det høyrer heime; hos den daglege leiinga for verksemda som har sett omsynet til lønsemd framfor omsynet til nærmiljøet og ei forsvarleg drift. Berland er dømd etter alle tiltalepunkt.
Å seie at det dermed er sett strek for Vest Tank-oppgjeret er nok i tidlegaste laget. Dommen kan bli anka, og det same kan også frifinninga av rådgjevar Karl Jan Erstad bli, medan rettssaka mot den tidlegare styreleiaren i selskapet, Trond Emblem, av praktiske årsaker enno ikkje er starta. Men med ein dom og med ei såpass klar plassering av anvarstilhøva, vil nok mange av dei i Gulen som fekk helseplager etter eksplosjonen, meine dei langt på veg har opplevd at rettferd er skjedd i saka.
Det er langt frå daglegdags at ein får såpass sterke rettslege reaksjonar for miljøbrotsverk, og derfor er dommen i Gulating lagmannsrett prinsipielt viktig. Vest Tank-saka avslørte også store veikskapar i kontrollrutinar og regelverk, og mange av innbyggjarane i området følte også at verken dei eller saka vart behandla med det alvoret situasjonen burde tilseie i etterkant av eksplosjonen.
No har altså retten sagt sitt, og plassert ansvaret der den meiner det høyrer heime. Dermed kan lokalsamfunnet etter kvart leggje hendinga bak seg. Men det er likevel grunn til, både for Gulen og for storsamfunnet, å ta med seg mange lærdommar vidare slik at vi unngår nye Vest Tank-episodar.
For Gulen kommune har det vore ei vond sak av mange årsaker. Først og fremst for dei innbyggjarane som vart direkte råka av utsleppa etter eksplosjonen, men også kommunen sitt omdømme fekk ei alvorleg ripe i lakken av hendinga. Både for folk si alminnelege rettsoppfatning og med tanke på Gulen sitt omdømme er rettsavgjerda derfor eit viktig og naudsynt steg vidare i prosessen med å leggje dei vonde minna bak seg.
Trykt i Firda fredag 3. juni 2011 tiltale, gass, eksplosjon, Sløvåg, lagmannsrett, Gulating, Emblem, Trond, Erstad, Jan, Karl, Berland, Jostein, Gulen, Tank, Vest
fredag 3. juni 2011 kl 13
Bra?
Firda meiner...
Følgt av 64 medlemmar.
Her kan du lese leiarkommentarane til sjefredaktøren og meiningsytringar frå andre i redaksjonen til Firda Media.
Berre Firda-tilsette kan lage nye innlegg på denne sida, men alle Origo-medlemer er hjarteleg velkomne til å kommentere innlegga. Meir om sona
 Firda meiner... er ei sone på Origo. Les meir
| |