Åshild Kjelsnes og
Arbeidarpartiet såg
umiddelbart at ein
topposisjon stod open
DET KAN VERE DUKA FOR ein skikkeleg kvinnekamp i fylkespolitikken. Velkommen skal den vere! Det kan skje etter at Ap sin mangeårige fylkestingsrepresentant, medlem av fylkesutvalet og noverande leiar for fylkestingsgruppa i Ap, Åshild Kjelsnes, har bestemt seg for å halde fram i manesjen.
ALLEREIE I MAI SA HO FRÅ til nominasjonsnemnda og leiar Jan Helge Dale at ho ville gje seg. Yngre krefter kunne få overta. Men no har ho endra syn, og sagt frå om at ho stiller seg til disposisjon for fire nye år.
GRUNNEN TIL AT DET KAN bli batalje av ein slik snunad, er at det endrar rammene for to andre kvinner som også vil lengst opp og fram i politikken. Internt i Ap gjeld det Jorunn Kirketeig frå Førde, som sjølvsagt såg føre seg ei endå betre plassering på vallista når veteranen Kjelsnes frå Brandsøyna takka av.
MEN DET KJELSNES SIN u-sving mest kan skape hovudbry for er nok Sp sin mest sannsynlege arvtakar etter fylkesordførar Nils R. Sandal, Jenny Følling frå Gaular. Dersom ho får tilbod om, og tek imot, topplassen på Sp-lista, ville ho hatt ein langt breiare veg til fylkesordførarstolen enn kva tilfellet er om Ap stiller med Åshild Kjelsnes som kandidat. Kjelsnes er svært rutinert, og i Ap blir ho sett på som ein svært pliktoppfyllande politikar med stor arbeidskapasitet.
NO ER DET EIT STYKKE fram til nominasjonsmøta i dei ulike partia. Men dersom realitetane blir slik teikninga tyder på, kan det komme til å røyne både på samhaldet innanfor Ap og ikkje minst på samarbeidet som har eksistert lenge mellom Ap og Sp. Det som likevel kan bli jokeren her er at dei to største partia ikkje berre har fylkesordførarklubba å forhandle om. Kven av dei to partia som skal «ta seg av» Fjord1 og SFE vil også kunne få innverknad på samarbeidet og dermed ordførarvalet. Begge partia veit at dei kan ha mykje å vinne på samhald, og enormt mykje å tape på krig.
FYLKESORDFØRAR NILS R. Sandal (Sp) sin avskil med fylkespolitikken har hatt alt å seie for Kjelsnes sitt nye standpunkt. Ho og partiet såg umiddelbart at ein topposisjon stod open. Dei såg også at den berre kan vinnast ved å stille med ein person med langt fartstid, og som er kvinne.
Trykt i Firda fredag 3. september 2010