Bidraget er publisert med ropert og har blitt henta fram på Fjordaglimt (tysdag 6. januar 2009). Les mer om roperten…

Ureieleg triks frå AUF-leiar

POLITISK MISUNNING gjer seg mange tvilsame utslag. Lokalavisa Firdaposten i Florø har prøvd å kåre Årets namn i Flora og Bremanger. I den kåringa låg den mykje omtalte og kontroversielle Unge Høgre-politikaren i fylket, Jacob Nødseth, an til å vinne. Det fall langt frå i god jord hos hans politiske motstandar, Kjetil Bergheim, florøværing og leiar i Sogn og Fjordane AUF.
BERGHEIM TOK saka i sine eigne hender, fekk ein kjenning til å lage eit program som sytte for å manipulere resultatet, og enden på visa er at det ikkje vert noko av kåringa, som altså låg an til å få ein vinnar som Bergheim ikkje likar.
NØDSETH HAR SIKKERT prøvd å mobilisere folk til å stemme på seg. Det er heilt greitt, for politisk arbeid handlar om å sanke støtte. Det som ikkje er like greitt, er at Bergheim på ureieleg og ynkeleg vis prøver å sabotere ei kåring i ei nettavis, fordi han ikkje likar resultatet. Dette er ei sak som både AUF og moderpartiet bør rydde opp i, og fortelje AUF-leiaren at den slags udemokratiske metodar på ingen måte kan aksepterast som politisk arbeidsmåte.
AT BÅDE AP OG ungdomsfylkinga i tidlegare tider har hamna i uheldig lys for tvilsame metodar og fusk, er greitt nok, men vi rekna faktisk med at den slags udemokratiske arbeidsmetodar og manglande respekt for demokratiske ytringar som AUF-leiar Kjetil Bergheim har lagt for dagen, høyrde fortida til. Derfor bør både AUF og moderpartiet gje Bergheim, og eventuelle medspelarar, eit kurs i demokrati, sidan den politiske etikken verkar nokså mangelfull.
BERGHEIM BURDE kanskje også prøve å lære eitt og anna triks av Nødseth, som vart kandidat til Årets namn på grunn av frimodige ytringar, som ikkje alltid har slått like godt an verken i eige eller andre parti, men framført i det offentlege rom. Og det er i det same offentlege rommet Bergheim burde ha operert i dersom han ikkje synest at Nødseth fortener å bli kåra til årets namn; til dømes ved å fortelje kvifor folk etter hans syn bør stemme på andre kandidatar.
AT EIN DYKTIG hacker klarar å øydeleggje ei uhøgtideleg kåring i ei nettavis, forundrar oss ikkje. At ein som vil framstå som seriøs ungdomspolitikar i landets største parti vil ta i bruk slike metodar som Bergheim har brukt, er derimot oppsiktsvekkjande.
Trykt i Firda tysdag 6. januar 2009

Vist 683 gonger. Følgt av 2 personar.