Bidraget er publisert med ropert og har blitt henta fram på Fjordaglimt (fredag 30. juli 2010). Les mer om roperten…

Ikkje alt skal takast frå fjellet

Vi rir ikkje prinsipp.
Av og til lyt naturverdiar
gå framfor profitt

ETTER FLEIRE ÅR MED hardt arbeid har Sogn og Fjordane Energi (SFE) endeleg klart å få kontroll over fallrettane i det som blir kalla Skorvenvassdraget i Askvoll kommune. Grovt sett dreier det seg om vassressursane i fjellområda aust for Skjerlid, mellom Førdefjorden og Dalsfjorden.
DET FRAMTIDIGE MÅLET til SFE og adm.dir. Ole Schanke Eikum er å regulere det som er att av «lønsame» fjellvatn i dette området. Som Firda skreiv onsdag, dreier det seg om Leknesvatna, Grunnevatnet og Stordalsvatnet. Etter at SFE no har kjøpt fallrettane av grunneigarane i området, er det søkt om konsesjonar for kvart av vatna. Søknaden ligg pt. til kvalitetssikring hos NVE, og skal så ut på høyring.
DET KANLANG før anleggsmaskinene er på plass og ein evnt. kan gå i gang med reguleringsarbeidet. Ikkje fordi byråkratiet er så tregt, men fordi desse planane kjem til å vekke harme og sterke protestar, både lokalt og regionalt. Ja, kanskje vil den også hamne inne i rettsapparatet. Det er nemleg ikkje slik at kraftnæringa berre kan leggje under seg resten av dei naturkvalitetane som dette fjellområdet har att. I alle fall håpar vi at det ikkje er slik.
DET ER IKKJE mange kommunar som kan «skilte» med ein slik kraftproduksjon som Askvoll. La gå med det. Men ein gong må ein seie stopp. Ein gong må ein seie frå om at det vi har att, skal vi la liggje som vilt og urørt slik at kommande generasjonar skal kunne sjå korleis eit område utan inngrep ser ut.
ALLE SOM HAR FØLGD med, veit at vi her på leiarplass svært ofte har forsvart utbyggingar og såkalla vekstfremjande prosjekt, ikkje minst industrielle. Men vi rir ikkje prinsipp. Av og til lyt naturverdiar gå framfor profitt, og ikkje minst er dette viktig å forfekte i eit område der det berre er restar att av urørd fjell og vatn. Etter vårt syn er det såleis ikkje rett at området alt er utbygd, og at det difor ikkje er noko å verne, slik SFE-sjefen sa i Firda.
«LÅT SISTA ÄLVEN, som brusar i vår natur, brusa alltjämt mellan fjällar och gran och fur!» Evert Taube si bøn, som også blei hans siste komposisjon, er like aktuell no som då den blei skriven i 1976. Vi gjer Taubes ord til våre i denne saka.
Trykt i Firda fredag 30. juli 2010

Vist 350 gonger. Følgt av 5 personar.

Kommentarar

Exclamation_desat_24

Her må eg være samd med Stang. Dersom det skal byggast ut meir i dette området bør det være minikraftverk utan nemnande inngrep og regulering. DET er tross alt innvesteringar som styrkjer inntektsgrunnlaget for grunneigar og styrkjer bygdene. Det bør være grunnlag for all kompensasjon og avtaleverk i slike samanhengar framover. Dei store kraftselskapa som kan være del av internasjonale kartell i morgon må betale det som faktisk ER verdien av fallrettar slik at det kjem lokalmiljøet til gode. Vi har i dag ingen fordeler av den straumen som blir produsert her, tvert om så har vi høgre nettleige og dårlegare leveringssikkerheit enn dei deler avlandet vi forsyner med straum.

Exclamation_desat_24

Når området alt er utbygd, er det vel fornuftig å nytte vassressursane fullt ut?

Exclamation_desat_24

Området er ikkje utbygt. Stordalsvatnet og Grunnevatnet er pr i dag ikkje regulerte. Og førstnemnde ligg innanfor det vi kallar eit INON-område. Leknesvatnet ligg mellom to regulerte vatn, ja, men framstår som urørt, og er eitt av dei flottaste vatna og områda i Askvoll-fjella!

Exclamation_desat_24

Eg synes det og er litt merkeleg når Firda-redaktøren forskotterer harme og sterke protestar. Stang slår skråsikkert fast at planane kjem til å møte sterke protestar. Her er det heilt tydeleg at Firda har ein agenda.

Exclamation_desat_24

“…. forskotterer harme og sterke protestar….”
Antenner kallar ein slikt.
OM Firda skulle ha ein agenda: Kva er gale med det?

Exclamation_desat_24

Det er å håpe at ein kan få ei sakleg, balansert og objektiv dekning av denne saka i Firda. Det bør etter mitt syn vere media si rolle.