Å seie at det er sett strek
for Vest Tank-oppgjeret er
nok i tidlegaste laget
Den tidlegare Vest Tank-sjefen Jostein Berland er dømd til eitt og eit halvt års fengsel for miljøkriminalitet etter eksplosjonen i Sløvåg for fire år sidan. Dermed har retten plassert ansvaret for ulukka der den meiner det høyrer heime; hos den daglege leiinga for verksemda som har sett omsynet til lønsemd framfor omsynet til nærmiljøet og ei forsvarleg drift. Berland er dømd etter alle tiltalepunkt.
Å seie at det dermed er sett strek for Vest Tank-oppgjeret er nok i tidlegaste laget. Dommen kan bli anka, og det same kan også frifinninga av rådgjevar Karl Jan Erstad bli, medan rettssaka mot den tidlegare styreleiaren i selskapet, Trond Emblem, av praktiske årsaker enno ikkje er starta. Men med ein dom og med ei såpass klar plassering av anvarstilhøva, vil nok mange av dei i Gulen som fekk helseplager etter eksplosjonen, meine dei langt på veg har opplevd at rettferd er skjedd i saka.
Det er langt frå daglegdags at ein får såpass sterke rettslege reaksjonar for miljøbrotsverk, og derfor er dommen i Gulating lagmannsrett prinsipielt viktig. Vest Tank-saka avslørte også store veikskapar i kontrollrutinar og regelverk, og mange av innbyggjarane i området følte også at verken dei eller saka vart behandla med det alvoret situasjonen burde tilseie i etterkant av eksplosjonen.
No har altså retten sagt sitt, og plassert ansvaret der den meiner det høyrer heime. Dermed kan lokalsamfunnet etter kvart leggje hendinga bak seg. Men det er likevel grunn til, både for Gulen og for storsamfunnet, å ta med seg mange lærdommar vidare slik at vi unngår nye Vest Tank-episodar.
For Gulen kommune har det vore ei vond sak av mange årsaker. Først og fremst for dei innbyggjarane som vart direkte råka av utsleppa etter eksplosjonen, men også kommunen sitt omdømme fekk ei alvorleg ripe i lakken av hendinga. Både for folk si alminnelege rettsoppfatning og med tanke på Gulen sitt omdømme er rettsavgjerda derfor eit viktig og naudsynt steg vidare i prosessen med å leggje dei vonde minna bak seg.
Trykt i Firda fredag 3. juni 2011