Bidraget er publisert med ropert og har blitt henta fram på Fjordaglimt (torsdag 14. juli 2011). Les mer om roperten…

Countrymusikk til folket

Det bør ikkje
diskvalifisere denne
sjangeren frå statleg
støtte

I dag brakar det laust på Breim, med den 17. countryfesten i rekkja. I fire dagar skal den amerikanske musikken hjalle mellom åsar og fjell i Gloppenbygda, og i like mange dagar vil folk kose seg på festivalcampingen; installerte i campingvogner, bubilar, trailerar og telt. Jaudå, det vil nok også bli konsumert nokre liter med øl og sprit, for det plar det gjere på denne festivalen som på dei aller fleste andre festivalar i inn- og utland.
Årets store happening for arrangøren er nok sjølvsagt at dei får storfint besøk, av kulturminister Anniken Scharning Huitfeldt (Ap). Ho er på «synfaring» for å gjere seg opp ei meining om Norsk Country Treff på Breim er verdig status som knutepunktfestival. Breim-festivalen konkurrerer med to andre countryfestivalar i Norge om denne statusen, ein status som vil gjere til at ein får årleg støtte over statsbudsjettet, og dermed eit tryggare fundament å stå på i åra framover.
No registrerer vi at Aftenpostens kulturkommentator Vidar Kvalshaug er imot at einkvar countryfestival skal få statleg støtte eller få knutepunktstatus. Han har fått det føre seg at denne typen festivalar berre blir vitja av folk som anten kun oppheld seg i lastebilar og campingvogner, eller veltar seg i gjørme i djup alkorus. Han meiner at desse folka ikkje er opptatt av musikk, men av rølping.
Vi er djupt usamde med Kvalshaug i denne «analysen». Visst er det folk som oppheld deg i bilar og som veltar seg i gjørme. Men slike folk finn ein også under andre, og meir «stovereine» festivalar. Vi snakkar kanskje om eit par prosent av gjestene, og dei bør ikkje få avgjere så viktige rammevilkår for ein så flott festival som Norsk Country Treff faktisk er.
Men countrymusikken er folkeleg i sitt vesen, og det er vanlege folk som i stor grad oppsøkjer denne typen festivalar. Det bør likevel ikkje diskvalifisere denne sjangeren frå statleg støtte. I alle fall ikkje hos ein Ap-statsråd. Vi trur faktisk at tryggare bein å stå på økonomisk vil føre til at festivalen på Breim vil bli endå betre og «reinare». Det i seg sjølv talar for goodwill frå Anniken. Lukke til!
Trykt i Firda torsdag 14. juli 2011

Vist 378 gonger. Følgt av 2 personar.

Kommentarar

Exclamation_desat_24

Samd med dagens kommentar frå dagens Firda 14.07.11. Norsk Country Treff (NCT) er ein veletablert festival og ein god kandidat til å får knutepunktstatus. Festivalen si styrkje er m.a at dei har ein klar profil og dei har bredde i country-sangeren og ulike arena som små og store scener å spele på.
Denne festivalen er god på å profilere seg over for omverda, i tillegg til at denne festivalen har stor støtte i folket i Gloppen kommune og at dei syner positiv engasjement og dugnadsånd i kommunen i tillegg til at festivalen er inkluderande.
Så må det også takast med at at NCT har jamt over ei god heimeside med relevant informasjon med arkiv som med utviklingspotensial.
Fylket vårt treng stor treng definitivt breidde av ulike festivalar.