Bidraget er publisert med ropert og har blitt henta fram på Fjordaglimt (måndag 25. juli 2011). Les mer om roperten…

Eit folk i sjokk og sorg

Paradoksalt nok
har mordaren truleg
styrkt kamp for eit
fleirkulturelt Norge

Dei grufulle hendingane i Oslo sentrum og på Utøya i Tyrifjorden fredag ettermiddag har skaka heile nasjonen. Ungdom frå heile landet er direkte eller indirekte involverte i det grufulle som skjedde. Vårt fylke er også sterkt prega av hendingane på sommarleiren til AUF.
Fleire unge frå Sogn og Fjordane var til stades på øya då Anders Behring Breivik (32) byrja skyte. I skrivande stund er AUF-leiar i fylket vårt, Hanne Kristine Fridtun frå Stryn sakna.
Det er ei ufatteleg tragedie som har råka landet. Ingen er vel i stand til heilt å forstå kva som har gått føre seg ute på den vesle øya i Tyrifjorden. Utanom dei born og unge som var der og opplevde drapsmannens jakt på uskuldige offer, er det heller
ingen som er i stand til skikkeleg å sette seg inni det marerittet desse unge har opplevd, der dei prøvde å gøyme seg i skogen, under steinar og i sjøen. Det heile verkar absurd; som i ein film. Difor er det mange som gjennom denne helga har gått rundt som i eit slags vakuum, og hatt det vondt.
Dette vil komme til å endre landet vårt, og oss som folk. Vi håpar til det betre. Vi er glade for at vi har ein statsminister som, trass enorme påkjenningar, allereie fredag kveld makta å ha hovudet klart. Han sa at ingen skal få skyte oss til tausheit, og at vi skal møte terroren med meir demokrati og meir openheit. Kloke ord i ei krevjande tid.
Vi såg på sosiale medium og i TV rett etter bombeeksplosjonen at fleire var kjappe med å drøfta skuldspørsmål. Og det var utlendingar og spesielt muslimar som blei mistenkte. Vi vil seie at når så gale som dette skulle skje, ja, så var det faktisk bra for oss som fleirkulturell nasjon at det var ein kvit, etnisk nordmann, frå beste vestkant med kristen-konservative haldningar som sto bak.
Ein mordar er ein mordar uansett, men vi torer rett og slett ikkje tenkje på lagnaden til muslinmar og mørkuda generelt i dette landet dersom det t.d. hadde vore ein iraker eller somalier som hadde stått bak. Paradoksalt nok har mordaren truleg styrkt AUF og andre sin kamp for det Norge han hata så intenst; det fleirkulturelle Norge. Men prisen var høg.
Trykt i Firda måndag 25. juli 2011

Vist 366 gonger. Følgt av 4 personar.

Kommentarar

Exclamation_desat_24

Alt kan misbrukes, på Facebook siden min står det at jeg er medlem av statkirken, det holder for meg

Exclamation_desat_24

Det er stor einegheit i Norge og mellom dei politiske partia at vi skal ha eit fargerikt fellesskap.Norge ville ikkje klare seg utan.I realiteten er det ikkje store forskjeller mellom dei politiske partia i Norge når det gjelder prioriteringer om kva slags velferd og velferdstat vi skal ha.Det er når ein bruker aggressiv retorikk til å framstå som ein i realiteten har vidt forskjellege menneskesyn ein skaper problemmer som ofte prega den norske debatten i dag som elles er nøkteren og sakelig.

Exclamation_desat_24

Reaksjonane etter hendingane i Regjeringskvartalet og på Utøya gjev oss håp om at omsorg og ansvar for kvarandre skal få større rom både i det politiske liv, i media og i samtalar mellom menneske. All ros til statsministeren slik han har vinkla denne tragiske saka på. Omsorg er fokus, ikkje hemn. Nordahl Grieg sitt dikt frå 1936, Til ungdommen, har vorte svært aktuelt i desse dagane.

Aud Lunde