Politiske ringrevar som Alfred
Bjørlo (V) klør i fingrane etter å
komme i gang med valkampen
Alfred Bjørlo, lokalsjukehusforkjempar, Venstre-politikar og ordførarkandidat på Eid, prøver å skape politisk storm i eit vassglas gjennom å skulde Helse Førde for å drive politisk moldvarparbeid medan dei politiske partia held borgfred og har utsett valkampopninga. Det er sjøvsagt helseføretaket si nedtrapping av ortopeditilbodet på Eid som har fått Bjørlo til å bryte det som han framstiller som politisk teieplikt.
Med åtaket sitt på Helse Førde viser Bjørlo klart at han er flink til å finne flisa i andres auge, men ute av stand til å sjå bjelken i sitt eige. Helse Førde er i ferd med å gjennomføre eit styrevedtak som vart fatta i juni. Sentrale styresmakter og statsråd Strøm-Erichsen ville derfor, trass dei tragiske hendingane som vi har opplevd i sommar, kunne stoppa HF-styret om dei handla i strid med sentrale føringar. At Bjørlo ikkje likar vedtaket, er hans og ikkje Helse Førde sitt problem.
Den som derimot kan seiast å drive aktiv politikk, og på eiga hand har innleia valkampen, er Bjørlo sjølv. Med åtaket på Helse Førde har han skapt merksemd rundt seg sjølv og sitt eige ordførarkandidatur, i ei sak der han garantert vil ha brei støtte i Nordfjord. Slik sett er det Bjørlo som nyttar høvet til å drive politikk.
Men Bjørlo bør kunne skilje mellom ei administrativ oppfølgjing av eit vedtak, som Helse Førde er i ferd med å gjere, og politisk arbeid. At partia er samde om å utsetje valkampopninga, tyder heller ikkje at alle er pålagt munnkorg og at ein ikkje skal kunne ha ein samfunnsdebatt eller utsetje all oppfølgjing av vedtak som er fatta. Det er derfor heilt i orden at Bjørlo uttaler seg om Helse Førde. Men då må han også innvilge helseføretaket rett og lov til å gjere den jobben det er sett til, og gjennomføre vedtak som er fatta for lenge sidan.
At politiske ringrevar som Bjørlo synest ventetida er lang og klør i fingrane etter å komme i gang med valkampen, forstår vi godt. Men han bør ikkje skulde på andre når han sjølv fell for freistinga til å drive politisk marknadsføring av sitt eige kandidatur.
Trykt i Firda onsdag 10. august 2011
Kommentarar
Bjørlo bør greie å holde seg til komende lørdag, med å drive valgkamp
Nei, veit du kva! Når ein ser dei presseoppslag som er forårsaka av dei raudgrøne partia sine leiarar sentralt, samt kva ekspressarbeid som blir utført i ly av denne såkalla “fredsavtala”, er det berre rett og rimeleg at også Bjørlo og andre får uttale seg. Eg tykkjer det er svært rart ikkje også andre har teke til motmæle dei siste vekene.
Slik “fred” kan ikkje berre gjelde alle andre, men eksludere SV / SP og AP.
Såvidt jeg har forstått gikk avtalen ut på at de politiske partiene skulle utsette valgkampen p.g.a. 22.07.11. Det har vel aldri vært meningen at hele samfunnet skulle gå i stå i denne perioden. Helse Førde gjennomfører vedtak som var fattet i juni. Dessuten bør vel Bjørlo og andre ha evnen til å se forskjell på et politisk parti og styret i et helseforetak……selv om de er politisk oppnevnt.