Bidraget er publisert med ropert og har blitt henta fram på Fjordaglimt (onsdag 17. august 2011). Les mer om roperten…

Få fram skilnadane før valet

Framleis var tonen gemyttleg,
og det som blei sagt av partia
var informativt

Måndag hadde firda.no ei høgst uhøgtidleg meiningsmåling der vi spurde om valkampen ville avgjere kven som får «di stemme» ved valet. Av 941 røyster svara 86,6 prosent nei. Valkampen ville ikkje avgjere deira val. Eit like uhøgtidleg, men likevel retorisk spørsmål, er det då å spørje kva skal vi då med ein valkamp? Kvifor legg politikarane og partia så mykje pengar, prestisje og energi i noko som tilsynelatande ikkje betyr noko særleg for folk sine val?
Forutan å svare at dette ikkje er noko kvalifisert måling, er svaret at valkamp er noko som må drivast for at folk lettare skal kunne skaffe seg den informasjonen dei ønskjer om dei ulike partia sin politikk. Dette er altså ein del av den demokratiske prosessen, der også valkampen høyrer med.
Valkampen her i fylket opna mildt med partistands under Eikefjorddagane i helga, for så å starte opp for alvor i Førde måndag. Framleis var tonen mild og gemyttleg, og det som blei sagt av dei ulike partia var informativt og utan peik mot konkurrentane. Det er slik det bør vere i eit sivilisert land etter det vi alle kjenner på etter 22. juli-terroren i Oslo og på Utøya.
Men som fleire av politikarane på valkampopninga i Førde sa til Firda, vil nok tonen bli skjerpa også her i fylket etter kvart som vi nærmar oss valdagen 12. september. Det betyr ikkje at tonen blir umusikalsk og uverdig. For på same måten som at ingen er tent med ein servil og ynkjeleg valkamp, er vi heller ikkje tent med ein valkamp der politikarane går i strupen på kvarandre og snakkar meir om konkurrentane sin elendige poltitikk enn om sine eigne, fortreffelege saker.
For sjølv om nesten alle parti vil ha fleire folk i fylket, fleire og betre vegar, meir næringsutvikling osv, er det medisinen som skal til for å nå måla som gjerne utgjer skilnaden partia imellom. Det er denne skilnaden som skal komme fram i valkampen, og då kan det nok også hende at sjølv dei som seier at dei allereie har bestemt seg kan komme til å endre standpunkt.
Trykt i Firda onsdag 17. august 2011

Vist 183 gonger. Følgt av 2 personar.

Kommentarar

Exclamation_desat_24

For sjølv om nesten alle parti vil ha fleire folk i fylket, fleire og betre vegar, meir næringsutvikling osv, er det medisinen som skal til for å nå måla som gjerne utgjer skilnaden partia imellom. Det er denne skilnaden som skal komme fram i valkampen, og då kan det nok også hende at sjølv dei som seier at dei allereie har bestemt seg kan komme til å endre standpunkt.
Trykt i Firda onsdag17. august 2911.

Som Firda red skriver så treffande her om at dei politiske partia er meir eller mindre einige om kva politikk ein vil ha ,men medisinen er ulike.Trur medisinen er på trappene,men ikkje blir teken i bruk fordi bremseklossene alt har stempla medisinen som fordyr.