Kårstad har hatt ei tøff
tid bak seg med store tap,
også menneskeleg
Eigarane av Kårstad Transport i Gaular greidde ikkje å berge familiebedrifta frå konkurs. Etter nokre strie år etter finanskrisa, vart dei økonomiske utfordringane for store. Onsdag måtte dei gå til skifteretten.
Kårstad Transport har vore eit veldrive, seriøst og rimeleg lønsamt føretak fram til 2008. På det meste hadde verksemda heile 85 tilsette, noko som er mykje i ein liten kommune som Gaular. Ved konkursen onsdag hadde selskapet 60 tilsette og kring 50 bilar av ulikt slag. Også det er betydeleg både i Gaular- og Sunnfjord-samanheng. Det er såleis ikkje eit kva som helst selskap som no har måtta kaste inn handkledet. Forutan familien sjølv og dei tilsette har både Gaular og fylket mist ein viktig og god aktør på transportsida.
Når vi les om denne historia i Firda ser vi dessutan tydeleg at her er det ikkje snakk om å gå til skifteretten med lette steg, for å kjapt kvitte seg med gjeld og andre økonomiske utfordringar. Nei, her kjem det klårt fram at eigarane har snudd kvar einaste stein mange gonger for å finne løysingar. Ikkje berre for seg sjølve men også for å skåne dei tilsette, kundar, investorar og nærmiljø. Det står det respekt av. Dette er ansvarsfulle folk som har vist omsorg og ansvar.
Kårstadfamilien har hatt ei tøff tid bak seg med stort tap også menneskeleg ved at etableraren av transportselskapet, Roar Kårstad, døydde nyleg. Dette forsterkar sjølvsagt kjensla av å ikkje strekkje til etter onsdagens hending. Men vi er visse på at den gode forretningsmoralen og kompetansen som Kårstad-karane har, vil gjere til at dei kjem styrkte ut av denne situasjonen.
For det er i dei svartaste stunder ein vil vere mest oppsette på å finne lys, og det trur vi dei vil finne. Vi trur dessutan at det finst eit lys som heller ikkje er avhenging av kynisme for å brenne. Sjølv om konkurransen og krava i denne bransjen er beinharde, trur vi også at det vil vere kvaliteten på produktet og lojaliteten til tilsette og kundar som vil vere avgjerande for å lukkast på sikt. Begge desse områda vil Kårstad kunne konkurrere på.
Trykt i Firda fredag 2. september 2011
Kommentarar
Godt skrive :-) At utanlandske vogntog(firma) – knapt betalar bompengar – er nok bittert å lese – då norske selskap betalar hundretusner i avgifter. Dette en nok ikkje grunnen til konkursen – men slik skal det sjølvsagt ikkje vere i ein fri og “på same vilkår”- konkurranse.
http://touch.abcnyheter.no/nyheter/080720/utlendinger-skylder-50-millioner-i-bompenger
I tilleg er der en STERK MISSTANKE om at mange av dei utenlandske transporttørane kjører på avgiftsfri diesel .